Ultrafiolett-astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit GALEX-bilete av spiralgalaksen Messier 81 i ultrafiolett lys. Foto: GALEX/NASA/JPL-Caltech.

Ultrafiolett-astronomi eller UV-astronomi astronomiske undersøkingar i det ultrafiolette område av det elektromagnetiske spekteret, det vil sei mellom synleg lys og røntgenstråling (ca. 90–350 nm). UV-astronomi er særleg nytta ved studiar av solsystemet, stjerneatmosfærar, novaer og supernovaer, interstellar materie og galaksar. UV-observasjonar har òg påvist store mengder varm, intergalaktisk gass i mange galaksehopar. UV-stråling frå verdsrommet vert absorbert i jordatmosfæren og når ikkje ned til jordoverflata. Strålinga kan difor berre studerast frå høgtsvevande ballongar og frå rakettar og romfartøy. Ein av dei mest kjende UV-satellittane, International Ultraviolet Explorer, IUE, var verksam 1978–1996. I tillegg til optiske observasjonar vert Hubble-teleskopet nytta som UV-teleskop. Fleire nyare romobservatorium vert òg nytta til UV-observasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]