Ultrahøg frekvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Ultrahøg frekvens (UHF) er elektromagnetisk stråling i området mellom 300 MHz og 3 GHz. Det har ei bølgjelengd på 0,1–1 meter. [1] Øvre delen av ultrahøg frekvens ligg i mikrobølgeområdet.

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

UHF band III og IV skal brukast for det nye Digitale bakkenettet (TV). Frekvensområdet for desse er 470–790 MHz.

Nordisk mobiltelefon (NMT) nytta eit band nær 450MHz, og hadde lengre rekkjevidd enn dagens mobiltelefonar med GSM-kommunikasjon på 900 og 1800 MHz.

IEEE 802.11 b og g "wi-fi (sjå Trådlaust lokalt datanett) er òg innanfor UHF. Frekvensen på desse er 2,4 GHz.

Mikrobølgeområdet[endre | endre wikiteksten]

Øvre del av UHF ligg i mikrobølgeområdet. Ein vanleg mikrobølgeovn ligg som regel rundt 2450 MHz.

Mikrobølgebanda
Nemning Frekvensområde
L-bandet 1 til 2 GHz
S-bandet 2 til 4 GHz
C-bandet 4 til 8 GHz
X-bandet 8 til 12 GHz
Ku-bandet 12 til 18 GHz
K-bandet 18 til 26 GHz
Ka-bandet 26 til 40 GHz
Q-bandet 30 til 50 GHz
U-bandet 40 til 60 GHz
V-bandet 50 til 75 GHz
E-bandet 60 til 90 GHz
W-bandet 75 til 110 GHz
F-bandet 90 til 140 GHz
D-bandet 110 til 170 GHz

Det er her viktig å leggja merke til at det er berre L-bandet og halve S-bandet som ligg innanfor UHF. Resten ligg i SHF eller EHF.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stokke, Knut N. (1994). Fra sender til mottaker: innføring i radiotransmisjon. Vett & Viten. s. 3,37. ISBN 8241201796.