Ultramafitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei raude fjella på Leka består av ultramafitt.

Ultramafitt er ei gruppe av bergarter som består av minst 90 % mørke mineral med magnesium og jarn. Dei viktigaste bergartane er olivinstein (dunitt), peridotitt, pyroksenitt, serpentinitt og kleberstein. I terrenget gjev ultramafittane seg ofte til kjenne ved raudbrun eller gulbrun forvitringsfarge.

Den største førekomsten av ultramafitt i Noreg er på Leka i Nord-Trøndelag. Elles finst dei som utalde små førekomstar i Den kaledonske fjellkjeda mellom Stavanger og Tromsø. I nokre tilfelle synest det klårt at ultramafittane er danna ved at dei mørke minerala har søkke til botns i ein bergartssmelte (t.d. i Jotunheimen og Indre Sogn). I mange andre tilfelle ser det likevel ut som om dei er bitar av den øvre mantelen til jorda som er vorte pressa inn i jordskorpa under ei fjellkjedefolding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ultramafitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.