Ulverston
| Ulverston | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Cumbria | ||
| Distrikt | South Lakeland | ||
| Folketal | 11 822 (2021)[1] | ||
| Postnummer | LA12 | ||
| Retningsnummer | 0 1229 | ||
![]() Ulverston 54°11′35″N 3°05′24″W / 54.193°N 3.09°W | |||
| Wikimedia Commons: Ulverston | |||
Ulverston er ein by i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 12 000 innbyggjarar. Historisk har byen høyrt til Lancashire nær Lake District og like nord for Morecambe Bay.


Hoad-monumentet er eit landemerke i Ulverston. Dette er eit steinmonument reist i 1850 til minne om den britiske statsmannen og geografen sir John Barrow frå Ulverston.[2] Monumentet er synleg frå store delar av området rundt, mellom anna Morecambe Bay og delar av Lake District.
Ulverston-kanalen var tidlegare ein viktig del av økonomien i byen.[3] Han er ikkje lenger operativ, men skal vera den djupaste, breiaste og kortaste kanalen i Storbritannia, med sine 1 1/4 miles (ca. to kilometer).[4] Byen har mange butikkar og pubar, der mange ligg langs den brusteinslagde hovudgata Market Street. Her ligg også minnesmerket over lokale falne under fyrste verdskrigen.
Byen Ulverstone på Tasmania er kalla opp etter byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ UK Attraction Hoad Monument
- ↑ Priestley, Joseph (1831). Historical Account of the Navigable Rivers, Canals, and Railways, Throughout Great Britain. Longman, Rees, Orme, Brown and Green.
- ↑ «Ulverston Canal». Visit Cumbria. Henta 19. oktober 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Ulverston» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011 og 10. desember 2020.
