Ulvik kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulvik kraftverk

Ulvik kraftverk er eit vasskraftverk i Ulvik herad i Vestland. Kraftverket vart opna i 1974 etter fire års anleggsarbeid, og utnyttar elva Tysso sitt fall på 387 meter frå Solsævatnet ned til Ulvikfjorden. Kraftverket brukar vatn frå magasin i Ljoneskrulen og Solsævatnet. Samla magasinkapasitet er 52,6 millionar m3. Det vert òg henta vatn frå elva Tysso i høgd over Solsævatnet.

Nedslagsfeltet er på 47 km2 og tilsiget er på 102 millionar m3. Installert effekt er 20 MW med ein francisturbin.

Kraftverket har totalt ein årsproduksjon på 102 GWh og vert eigd og drive av BKK. Sjølve stasjonsbygningen ligg midt i Ulvik sentrum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]