Ulvsnesøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulvsnesøy sett frå toppen av Brøknipa på Osterøy

Ulvsnesøy, Olsnesøyni eller Olsnesøyna (forma som er godkjend av Kartverket) er ei øy i Sørfjorden i Osterøy kommune. Øya ligg like utanfor Bruvik.

I 1881 vart det oppretta ein skule for gutar i alderen 10 til 15 år på øya, Ulvsnesøy skule. Skulen vart starta som Ulfsnesøens Opdragelsesanstalt i Nordhordland for vanartede og forvildede gutter, og vart lagt ned i 1981. Gutane som budde og gjekk på skulen vart sende dit av styresmaktene på grunn av omsorgssvikt eller åtferdsproblem. Etter at skulen vart lagt ned i 1981 vart han omgjort til ein del av Bergen fengsel. I juni 2019 vart øya seld til ein privat eigar for 11,8 millionar kroner etter at fengselsdrifta hadde blitt avvikla tidlegare det året.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bøe, E. «Fengselsøy solgt for 11,8 millioner kroner». E24. Henta 8. juni 2019. «Ulvsnesøy i Hordaland ble solgt 3,6 millioner over prisantydning. Budgiverne knivet om øya, som de siste årene har blitt brukt som fengsel av kriminalomsorgen.»