Umgebindehaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsippet for eit Umgebindehaus. Taket på huset ligg på langsgåande dragarar som er båre av stolper som står utanfor ytterveggane på det lafta huset.
Umgebindehaus i Ebersbach. Andrehøgda er bygd i bindingsverk.
Skisse som synar dei ulike elementa eit umgebindehaus kan vere sett saman av. Massivteil tydar den parten av huset som er bygd i mur, vanlegvis av pussa teglstein, slik at både ytterveggar og somme av dei indre veggane er berande. Blockstube tydar den parten av huset som er lafta, og Fachwerck tyder den parten av huset som er bygd i bindingsverk, det vil seie bygd med veggar av eit berande og avstivande rammeverk av tre med murverk i mellomromma, slik ein ser det på fotografiet av huset i Ebersbach. Umgebinde er det stolpe- og dragarsystemet som ber andrehøgda fritt over den lafta parten av dette huset, og som har gjeve denne hustypen si nemning. På taket er det markert vindauga av ein type som vert kalla Ochsenauge.
Umgebindehaus i Jetřichovice (tysk namn: Dittersbach) i Tsjekkia.

Umgebindehaus er den tyske nemninga på hustypar som er kjenneteikna av at andre høgda i huset og/eller taket ikkje kvilar på fyrste høgda fullt og heilt, men på ein konstruksjon som står utanfor eller utanpå ytterveggane i den fyrste høgda på to eller tre sider. Desse hustypane kan kombinere element frå lafta bygningar, bygningar i bindingsverk og i murte konstruksjonar i det same huset. Det er over den lafta parten av fyrste høgda i huset at den andre høgda kviler på ein særskild ytre konstruksjon. Umgebindehaus har særleg vore nytta i Schlesien, Oberlausitz og Nordböhmen og inn i Sächsische Schweiz i Tyskland.

Takvindauga av ein type som vert kalla Ochsenauge er ofte å sjå på Umgebindehaus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]