Konebåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Umiak)
Konebåt i Barrow i Alaska
Konebåt på Grønland kring 1830
Umiak (David Cranz 1770)

Konebåt (grønlandsk umiaq) eller umiak er den større fartøystypen som tradisjonelt blei brukt av inuittar. Det norske namnet kjem av at båten blir rodd av kvinner.

Ein konebåt er flatbotna og er bygd som eit treskjelett som er samanfalsa og surra. Huda er laga av selskinn med håret tatt av, og er sydd saman vasstett og utspent over skjelettet, slik at når det har tørka sit det stramt som eit trommeskinn.

Ein konebåt er vanlegvis 8-10 meter lang, 1,5 meter brei og svært romsleg og lett i forhold til storleiken. Han blei rodd av fire eller seks kvinner og var ofte styrt av ein eldre mann. Båten blei brukt til frakt når ein inuittfamilie reiste frå stad til stad, og han frakta derfor med seg heile familien og eigedelane deira som telt, husgeråd og hundar. Båten tolte ikkje mykje sjøgang, så reisene blei mest mogleg gjort langs kysten slik at ein kunne koma seg lett til lands i tilfelle uvêr.

Med ein så spinkel, og ofte full skinnbåt kunne grønlendarane ferdast i isfylte farvatn, og ofte i rivande straum med samanstøytande isflak, eller der ein hadde isen eller ope hav på den eine sida og ein bratt klippekyst, der landing var umogleg, på den andre sida. Skinnbåtar hadde mange fordelar for inuittane samanlikna med andre båtar. Dei romma mykje på grunn av den flatbotna forma, dei var lette å hala på land og opp på isen, og den kunne berast kortare strekningar over land. Om det kom hol i huda til båten, noko som lett kunne skje i isfarvatn, kunne ein skade blir utbetra mellombels med ein gong ved å pressa eit stykke spekk mot lekkasjen, og seinare bli reparert med nål og tråd. Sjølv om båten kom i press i isen, slik at ein del av treverket blei knokke, kunne han likevel brukast dersom skinnhuda var tett. Konebåten flaut òg på grunt vatn og på land kunne ein snu han med botnen i vêret og bruka han som talt.

Ei vanleg dagsreise med konebåt var på 40 til 60 km. Inuittane greidde å manøvrera han sjølv under vanskelege isforhold.

Den eldste daterte konebåten er frå omtrent år 1500, men konebåtar er nok vore brukte av Thule-kulturen heile tida han eksisterte (1000-1800) . På Aust-Grønland og i Nordaust-Canada var konebåtar i bruk heilt opp til 1930-talet. Fyrst etter andre verdskrigen tok ein i bruk motordrivne båtar i desse områda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]