Umm al Maradim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Umm al Maradim
جزيرة ام المرادم
øy
Land  Kuwait
Koordinatar 28°40′N 48°39′E / 28.667°N 48.650°E / 28.667; 48.650
Lengd 1,5 km
Areal 0,65 km²
Kart
Umm al Maradim
28°40′42″N 48°39′10″E / 28.678333333333°N 48.652777777778°E / 28.678333333333; 48.652777777778

Umm al Maradim (arabisk جزيرة ام المرادم) er ei øy heilt sør i farvatnet til Kuwait, nær grensa til Saudi-Arabia.

Umm Al-Maradim er omgjeven av djupt nok vatn til at skip kan leggje til kai direkte ved øya, noko som ikkje går for dei fleste andre øyane i Kuwait. Ho er 1,5 km lang og 540 meter brei, med eit areal på kring 65 hektar. Øya er ovalforma med ei sandkappe. Perleøsters ynglar kring øya. Tidlegare for båtar ut for å dykke etter perler om morgonen og kom attende om kvelden ved denne øya. Øya var derfor tidlegare full av skipsmannskap, dykkarar og perlehandlarar som kom for å kjøpe perler direkte frå skipskapteinane.

Umm Al-Maradim var den første øya i Kuwait som vart frigjort frå invasjonen av Kuwait i 1991.

Øya er vanlegvis full av trekkfugl og fastbuande fugl, som måse og flamingo. I regntida er øya grøn. Ho er ikkje busett utanom nokre offentlege byggverk som eit fyr og ein politistasjon.[1]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]