Unbreakable av Sinplus
«Unbreakable» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2012 | |||||
Land | Sveits | ||||
Artist(ar) | Ivan Broggini og Gabriel Broggini | ||||
Alias | Sinplus | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 45 | ||||
Semifinaleplass | 11 | ||||
Finalepoeng | X | ||||
Finaleplass | X | ||||
Sveits i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Unbreakable» var det sveitsiske bidraget i Eurovision Song Contest 2012, framført på engelsk av Sinplus. Songen er med på albumet Disinformation.
Die grosse Entscheidungsshow
[endre | endre wikiteksten]3. november 2011 deltok songen i uttakinga til den franskspråklege kringkastaren Radio télévision suisse (RTS), men gjekk ikkje vidare til finalen i Die grosse Entscheidungsshow. Fem dagar seinare, 8. november, deltok han i uttakinga til den italienskspråklege kringkastaren Radiotelevisione svizzera di lingua italiana (RSI) og gjekk vidare til finalen. I finalen, som fann stad 10. desember 2011, tevla han mot mellom anna den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia med songen «C'était ma vie». Songen vann tevlinga med 17,87 % av røystene og fekk representere Sveits i Eurovision Song Contest 2012.
Eurovision Song Contest 2012
[endre | endre wikiteksten]Songen starta som nummer sju i den fyrste semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Unbreakable (Sinplus song)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2011.