Uncle Charlie & His Dog Teddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uncle Charlie & His Dog Teddy
Studioalbum av Nitty Gritty Dirt Band
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1970
Innspelt 1969
Sjanger Country, countryrock, folkrock, bluegrass
Lengd 45:16
Selskap Liberty
Produsent William E. McEuen
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi 
Alive
(1969)
Uncle Charlie & His Dog Teddy All the Good Times
(1971)


Singlar frå Uncle Charlie & His Dog Teddy
  1. «Mr. Bojangles»
    Utgjeve: September 1970
  2. «House at Pooh Corner»
    Utgjeve: 12. april 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Rolling Stone(mixed)[2]

Uncle Charlie & His Dog Teddy er det fjerde studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band, med hitsongen «Mr. Bojangles». Albumet nådde 66. plassen på den amerikanske albumlista. Tre av singalne frå albumet gjekk inn på singellista: «Mr. Bojangles» nådde niandeplassen, «House On Pooh Corner» nådde 53. plassen og «Some Of Shelly's Blues» nådde 64. plassen.

CD-utgåva frå 1994 vart berre kalla Uncle Charlie And His Dog på ryggen av omslaget.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Albumet består av mange coverversjonar. «Some of Shelly's Blues» var skriven av Michael Nesmith, mest kjend som medlem av The Monkees. Songen vart gjeven ut på singel to gonger. «Mr. Bojangles» var skriven og spelt inn av Jerry Jeff Walker. Hanna høyrde songen på radio ein kveld og nemnde songen til Jimmy Ibbotson. Ibbotson kjende songen og hadde hatt singelen ei stund. Dei transkriberte teksten frå singelen, men skreiv ned noko av teksten feil, som var slik dei spelte han inn. Singelen «House at Pooh Corner» vart spelt for Ibbotson av låtskrivaren sjølv, Kenny Loggins, og Ibbotson ønskte å spele han inn.

Andre songar er «Travelin' Mood» av James «We Willie» Waynes frå 1955.[3], «Rave On» av Buddy Holly, den tradisjonelle instrumentalen «Chicken Reel», den tradisjonelle songen «Billy in the Low Ground» og «Swanee River» av Stephen Foster.

«Opus 36» var skriven av den engelske komponisten Muzio Clementi i 1797 med tittelen «Sonatina i C-dur, op.36, nr.1».[4] Han vart arrangert og tilpassa av Walter McEuen og framført på banjo av John (Walter) McEuen.

«Jesse James» er ei innspeling frå 1963 av Uncle Charlie, som var ein slektning av kona til Bill McEuen. Dette vert etterfølgd av «Uncle Charlie Interview», eit intervju frå den same innspelinga i 1963, der Charlie fortel at han vart fødd 11. september 1886 i Kaufman County i Texas. Det seinare sporet «Uncle Charlie» er ein instrumental for munnspel og gitar.

«What Goes On» av The Beatles vart spelt inn på denne tida og gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva frå 2003.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Some of Shelly's Blues»Michael Nesmith2:51
2.«Prodigal's Return»Kenny Loggins, Dann Lottermoser3:11
3.«The Cure»Jeff Hanna2:11
4.«Travelin' Mood»James Waynes2:39
5.«Chicken Reel»Tradisjonell0:55
6.«Yukon Railroad»Kenny Loggins, Dann Lottermoser2:16
7.«Livin' Without You»Randy Newman2:00
8.«Clinch Mountain Backstep»Ruby Rakes2:31
9.«Rave On»Norman Petty, Bill Tilghman, Sonny West2:56
10.«Billy in the Low Ground»Les Thompson1:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Jesse James»Tradisjonell0:50
12.«Uncle Charlie Interview»Uncle Charlie1:38
13.«Mr. Bojangles»Jerry Jeff Walker3:37
14.«Opus 36, Clementi»Muzio Clementi1:42
15.«Santa Rosa»Kenny Loggins2:24
16.«Propinquity»Michael Nesmith2:20
17.«Uncle Charlie»Jimmie Fadden1:49
18.«Randy Lynn Rag»Earl Scruggs1:46
19.«House at Pooh Corner»Kenny Loggins2:39
20.«Swanee River»Stephen Foster0:36
21.«Uncle Charlie Interview 2 / Spanish Fandango»Tradisjonell2:36
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
22.«Mississippi Rain»Lottermoser3:06
23.«What Goes On»John Lennon, Paul McCartney, Richard Starkey2:12

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australian (Kent Music Report) 31[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandet

  • Les Thompson – elektrisk bass, mandolin, elektrisk gitar, vokal
  • Jimmie Fadden – akustisk og elektrisk gitar, munnspel, vaskebaljebass, vokal (trommer ikkje oppført på omslaget)
  • Jeff Hanna – akustisk og elektrisk gitar, trommer, vaskebrett, perkusjon, vokal
  • Jimmy Ibbotson – akustisk gitar, elektrisk gitar, elektrisk piano, trommer, conga, trekkspel, vokal (klaverinstrument - ikkje oppført på omslaget)
  • John McEuen – banjo, mandolin, akustisk gitar, trekkspel (vokal, gitar, steelgitar- ikkje oppført på omsmlaget)

Andre musikarar (oppført på omslaget)

  • Bill Cunningham
  • Maurice Manceau – gitar, klaverinstrument, vokal (instrument ikkje oppført på omslaget)
  • Jim Gordon – horn, klaverinstrument (instrument ikkje oppført på omslaget)
  • Mike Rubine
  • John London – bass (instrument ikkje oppført på omslaget)
  • Byron Berline – fiolin (instrument ikkje oppført på omslaget)
  • Russ Kunkel – trommer (instrument ikkje oppført på omslaget)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent – William McEuen
  • Lydteknikar – Woody Woodward
  • Miksing – John McEuen/Jimmy Hoyson
  • Kunstnarisk leiar – Dean Torrence/Kittyhawk Graphics
  • Fotografi – William McEuen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Uncle Charlie & His Dog TeddyAllmusic
  2. [1][daud lenkje]
  3. «James «Wee Willie» Wayne». Rockabilly.nl. 27. mai 1955. Henta 24. oktober 2020. 
  4. «Clementi – Sonatina in C major, op.36, no.1». Pianopedia.com. Henta 24. oktober 2020. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 219. ISBN 0-646-11917-6.