Under My Thumb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Under My Thumb
Song av The Rolling Stones
frå albumet Aftermath
Utgjeve 15. april 1966
Innspelt 6–9. mars 1966
Sjanger rock
Lengd 3:41
Selskap Decca
Komponist Keith Richards, Mick Jagger
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham

«Under My Thumb» er ein song av The Rolling Stones skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Han kom først ut på albumet Aftermath i 1966, og sjølv om han aldri vart gjeven ut på singel er han ein av dei mest populære songane deira frå denne perioden. Han vart òg spelt inn av The Who i 1967.

«Under My Thumb» vart spelt mykje konsertar av bandet på turneane deira tidleg i 1980-åra, då han brukte å opne showet deira. Han har òg vorte spelt sporadisk i nyare tid.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Songteksten undersøker ein seksuell maktkamp, noko som var typisk for den opprørske og svakt kvinnehatske haldinga Stones dyrka på midten av 60-talet, men «Under My Thumb» var meir sofistikert enn dei andre kontroversielle songane Stones hadde gjeve ut fram til då.

Teksten til Jagger omhandlar songaren som endeleg har fått kontroll og makt over ei tidlegare freidig og dominerande kvinne. Med innhald som å «temme trollet» der kvinna vert samanlikna med eit «kjæledyr», ein «katt» og ein «hund» provoserte teksten mange, særleg feministar som protesterte mot den undertrykkande, seksuelle haldninga til den mannlege forteljaren. Jagger sa i eit intervju at songen ikkje er ein anti-kvinneleg song, og at han var ein karikatur og eit svar til ei særs freidig kvinne.[1]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Som med mange av songane frå Aftermath-perioden vert det nytta noko uvanlege instrument på «Under My Thumb» enn på tidlegare Stones-plater, mellom anna fuzzbass (spelt av Keith Richards), og Brian Jonesmarimba.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Etter at Mick Jagger og Keith Richards vart fengsla for narkotikabruk i 1967, spelte The Who inn songane «Under My Thumb» og «(This Could Be) The Last Time» og gav dei ut som ein singel. Meininga var å støtte Jagger og Richards med kausjon, men ironisk nok kom singelen ut same dag som dei vart slepte fri.

  • Blind Faith spelte songen på debutkonserten sin i 1969.
  • Del Shannon spelte songen på 1972-samlinga The Del Shannon Anniversary album.
  • Ein versjon av Wayne Gibson, spelt inn i 1966, vart sidan ein favoritt i Northern soul-miljøet.[2] I 1974 vart han gjeve ut på nytt og nådde då 17. plassen i Storbritannia.[3]
  • The Kingsmen gav ut ein versjon i 1966 på albumet Up And Away.
  • Tina Turner spelte inn songen i 1975 på albumet Acid Queen.
  • Truth and Janey spelte inn songen i 1976 for No Rest for the Wicked.[4]
  • Det kanadiske rockebandet Streetheart spelte inn ein versjon av songen i 1979. Dette vart den største hitten deira i Canada.
  • Social Distortion gav ut «Under My Thumb» som ei B-side til den første singelen sin i 1982. Songen kom sidan ut som eit løynd spor i 1996 på albumet «White Light, White Heat, White Trash».
  • Det industrielle metallbandet Ministry med Burton C. Bell spelte «Under My Thumb» i 2008 på albumet Cover Up, med nokre små endringar i teksten. Denne versjonen vart nominert til ein Grammy for beste metal-song.[5]
  • La Roux spelte ein versjon av songen for samleserien Sidetracked.[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Rolling Stone Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.. Rolling Stone.
  2. Stuart Maconie (30 September 2014). Cider With Roadies. Ebury Publishing. s. 70–. ISBN 978-1-4735-0286-4. 
  3. «Wayne Gibson». www.officialcharts.com. Henta 23 January 2015. 
  4. http://www.allmusic.com/album/r64432
  5. «Grammy 2009 Winners List». MTV. 8 February 2009. Henta 6 February 2012. 
  6. http://www.allmusic.com/album/sidetracked-mw0002021304