Huldrefolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Underjordiske)
Hopp til navigering Hopp til søk

Huldrefolk eller underjordiske, også kalla tusser eller haugfolk, er ein type skapningar frå folketrua som stort sett er usynlege og bur ein annan stad enn menneska, som i haugar, berg eller under jorda. Dei kan likevel ha ulike møte og samkvem med menneske, anten ved at dei vitjar menneskeverda eller ved at enkeltmenneske kjem til deira verd.

Det finst mange soger om underjordiske, og mange av dei er vidt spreidde vandresoger. Ei utbreidd forteljing er ei opphavssoge som fortel at dei underjordiske stamma frå barna til Eva som ho ikkje hadde stelt og derfor gøymde bort frå Vårherre ein gogn han kom uventa for å vitja dei.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «underjordiske». Store norske leksikon (på norsk). 29. september 2014. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.