Undernasjonale område i Iran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Undernasjonale område i Iran er delt inn i fleire nivå. Det første nivået er provinsar (farsi استان‌ها, ostānhā)

Kvar provins er vidare delt inn i fylke, kalla shahrestan (farsi شهرستان), og kvar shahrestan er delt inn i distrikt kalla bakhsh (farsi بخش). Det finst vanlegvis eit par byar (farsi شهر shahr)) og landsdistrikt (farsi دهستان dehestān) i kvart fylke. Landsdistrikta er ei samling av ei rekkje landsbyar. Ein av byane i fylket har status som hovudstad eller administrativt senter.

I følgje dei iranske styresmaktene er talet på område per mars 2016:[1]

Norsk Persisk eintal Persisk fleirtal Tal
Provinsar استان ostān استان‌ها ostānhā 31
Fylke شهرستان shahrestān 429
Distrikt بخش bakhsh 1057
Byar شهر shahr 1245
Landsdistrikt دهستان dehestān 2589

Kjelder[endre | endre wikiteksten]