Underordenen Tyranni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Underorden Tyranni)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tyranni


Saksetyrann, Tyrannus forficatus Foto: Tyrannus forficatus
Saksetyrann, Tyrannus forficatus
Foto: Tyrannus forficatus
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraordnadar
  • Eurylaimides
    • Tyrannides
  • Tyranni er ein underorden av sporvefuglar, òg kalla Suboscines. Han inneheld over 1300 artar, det store fleirtalet av desse er søramerikanske. Han er kalla opp etter den biologiske slekta Tyrannus.

    Desse har ein annan anatomi for syrinx-muskulaturen enn Oscines, songfuglar av den større underordenen Passeri, derav det populærnamnet suboscines. Dei tilgjengelege morfologiske data, DNA-analysar, og biogeografiske data, i tillegg til avgrensa fossile funn, peikar mot at desse to store underordenar av sporvefuglar er evolusjonært distinkte kladar.

    Systematikk[endre | endre wikiteksten]

    Ifølgje Sibley og Ahlquist sine arbeid med DNA-DNA hybridisering kan Tyranni delast vidare inn i tre kladar: Acanthisittides, Eurylaimides, og Tyrannides. Den første, som inneheld klatresmettar, Acanthisittidae, har ein omstridd posisjon. Gjeldande oppfatning er at dei er meir sannsynleg eit veldig tydeleg og gamle nedstamming, og utgjer ein eigen underordenen av Passeriformes.

    • Tyrannides samlar alle suboscine artar i Amerika, unntaket er amerikanske sapayoa. Rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019).[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2014), Updates & Corrections: August 2014, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.9, Cornell Lab of Ornithology, ref til side 267
      (Clementslista, versjon 6.9, august 2014, slekta Pitta blei splitta opp i 3 slekter, og ca. 15 tidlegare underartar blei splitta ut til nye artar)
    2. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. september 2019