Underordenen Tyranni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tyranni
Saksetyrann, Tyrannus forficatus Foto: Gary Kramer
Saksetyrann, Tyrannus forficatus
Foto: Gary Kramer
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni

Tyranni er ein underorden av sporvefuglar, òg kalla Suboscines. Han inneheld over 1300 artar, det store fleirtalet av desse er søramerikanske. Han er kalla opp etter den biologiske slekta Tyrannus.

Desse har ein annan anatomi for syrinx-muskulaturen enn Oscines, songfuglar av den større underordenen Passeri, derav det populærnamnet suboscines. Dei tilgjengelege morfologiske data, DNA-analysar, og biogeografiske data, i tillegg til avgrensa fossile funn, peikar mot at desse to store underordenar av sporvefuglar er evolusjonært distinkte kladar.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Tyranni  
Eurylaimides  


Asitiar (Philepittidae)



Breinebb (Eurylaimidae)





Grønbreinebbfamilien (Calyptomenidae)




Sapayoa (Sapayoidae)



Pittaer (Pittidae)





Tyrannides  
Furnariida  


Månesmettar (Melanopareiidae)




Myggetarar (Conopophagidae)



Maurfuglar (Thamnophilidae)






Maurpittaer (Grallariidae)




Tapakuloar (Rhinocryptidae)




Maurrikser (Formicariidae)



Omnfuglar (Furnariidae)






Tyrannida

Manakinar (Pipridae)




Kotingaer (Cotingidae)




Tityraer (Tityridae)



Tyrannar (Tyrannidae)







Eit forenkla diagram som syner fylogenetiske samband innanfor underorden Tyranni. Basert på Carl H. Oliveros et al. (2019)[1]

Ifølgje Sibley og Ahlquist sine arbeid med DNA-DNA hybridisering kan Tyranni delast vidare inn i tre kladar: Acanthisittides, Eurylaimides, og Tyrannides. Den første, som inneheld klatresmettar, Acanthisittidae, har ein omstridd posisjon. Gjeldande oppfatning er at dei er meir sannsynleg eit veldig tydeleg og gamle nedstamming, og utgjer ein eigen underordenen av Passeriformes.

Artsmangfald
Gruppe Tal på artar, gruppe
Tyranni i «den gamle verda»
64
Undergruppe Furnariida - «nye verda»
600
Undergruppe Tyrannida - «nye verda»
701

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Carl H. Oliveros et al. (2019). Earth history and the passerine superradiation. Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America. 116 (16): 7916–7925. doi:10.1073/pnas.1813206116