Dei sameinte nasjonane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå United Nations)
Dei sameinte nasjonane
Emblem of the United Nations.svg
Selskapsformmellomstatleg organisasjon Sjå dette på Wikidata
Skipa1945
DotterselskapTryggingsrådet i SN, Verdsorganisasjonen for immateriell eigedomsrett, United Nations Research Institute For Social Development, Generalforsamlinga til SN, Det internasjonale pengefondet, FNs økonomiske og sosiale råd, Sekretariatet i Dei sameinte nasjonane, Den internasjonale domstolen, FNs forvaltningsråd, Verdens matvareprogram, United Nations Postal Administration, UNESCO, FAO, FNs organisasjon for industriell utvikling, UNICEF, Miljøprogrammet til SN, Verdsorganisasjonen for helse, SN sin høgkommissær for flyktningar, UNFICYP Sjå dette på Wikidata
Bransjeinternasjonal statlig eller ikke-statlig organisasjon
HovudkontorNew York by Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.un.org

Dei sameinte nasjonane (avstytta SN eller FN (etter bokmål De forente nasjoner)) er ein internasjonal organisasjon som har som mål å få alle landa i verda til å samarbeida. Det er om lag 193 sjølvstendige anerkjende statar som er medlem av SN. Vatikanstaten og Palestina er ikkje medlem, men er observatørar.[1] I tillegg har organisasjonen ein stor administrasjonsstab som blir leidd av ein generalsekretær.

Organisasjonen har ei generalforsamling der representantar frå alle medlemslanda sit. Tryggingsrådet er eit mindre organ med ein handfull land som har moglegheit til å handla raskare. Generalforsamlinga og administrasjonen til SN ligg i New York. SN har òg dotterorganisasjonar som konsentrer seg om ulike felt, som UNICEF (barn), UNESCO (kultur), WHO (helse), UNHCR (flyktningar) og UNHCHR (menneskerettar). Organisasjonen har seks offisielle språk; engelsk, fransk, spansk, russisk, arabisk og kinesisk (mandarin).

SN fekk Nobels fredspris for 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

SN er ein etterfølgjar av det eldre Folkeforbundet. SN blei til etter Den andre verdskrigen, på ein konferanse i San Francisco der femti statar var med. 24. oktober 1945 hadde dei fleste landa som var med ratifisert avtalen, og dette vert derfor rekna som grunnleggjingsdagen.

Namnet «United Nations» er likevel eldre. Det blei først foreslått av den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og brukt i 1942 om landa som allierte seg mot aksemaktene under andre verdskrigen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nations, United, «Non-Member-States», United Nations (på engelsk), henta 10. november 2022