Universismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Universismen er namnet på eit påbyrja, men ufullført filosofisk bokverk av Vidkun Quisling.

Quisling hadde arbeidd med verket i over tretti år og let etter seg kring 800 sider tekst då han vart avretta i oktober 1945. Han hadde planlagt at verket skulle ha tre band, og det skulle omhandle ei mengd ulike tema.

I 2006 vart det gjeve ut ei redigert utgåve av manuskriptet på Juritzen Forlag. Utgåva var redigert av Arve Juritzen og Anne Kristin Strøm.[1]

Professor Else M. Barth, som har forska på det filosofiske innhaldet i Quisling-manuskriptet og utgjeve boka Gud, det er meg om emnet, omtala Quislings ufullførte verk slik: «Ellers er han absolutt ikke original. Det meste av det han sier, har han lånt her og der og gjentar det i svulmende ordelag. Tittelen på boken Gud, det er meg, er et sitat.»[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vidkun Quisling (1887-1945). Universismen [utgåve ved Arve Juritzen og Anne-Kristin Strøm], Oslo 2006, Juritzen forlag. ISBN 978-82-997346-2-2 - ISBN 82-997346-2-2
  2. Ingrid Brekke: «Quislings bok blir utgitt» publisert på aftenposten.no 8. september 2006

Litteratur[endre | endre wikiteksten]