Université Panthéon-Assas
Université Panthéon-Assas | |
![]() | |
![]() | |
Grunnlagt | 1971 |
---|---|
Stad | Paris, Singapore, Mauritius, Dubai, Melun |
Studentar | 16 221 |
Koordinatar: Université Panthéon-Assas (offisielt Paris-II[1]) er eit universitet i Paris. Det blei skipa etter ei universitetsreform den 1. januar 1971. Universitetet har rundt 19 000 studentar, der i underkant av 15 000 studerer juridiske fag, og ein fagleg og administrativ stab på 2 412.[2]
Namnet «Panthéon-Assas» kjem av at Panthéon ligg like i nærleiken av universitetet og at hovudbygget ligg i rue d'Assas. Universitetet ligg vest for Jardin du Luxembourg. Det klassiske studentkvarteret i byen, Quartier latin, er ikkje langt unna.
Universitetet er rekna som ein etterfølgjarinstitusjon etter det gamle Universitetet i Paris, meir spesifikt det juridiske fakultetet der.
I tillegg til jus og økonomiske studium blir det også undervist i administrasjonsfag, politikk og samfunnsvitskap.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Article D711-1 - Code de l'éducation - Légifrance». www.legifrance.gouv.fr. Henta 28. februar 2021.
- ↑ «Chiffres clés | Université Paris 2 Panthéon-Assas». www.u-paris2.fr. Henta 2. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Université Panthéon-Assas» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2021.