Universitetet for miljø- og biovitskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB)
MottoDet levende universitet
Grunnlagt2005 (1859)
TypeOffentleg universitet
RektorKnut Hove
StadÅs
Studentar4207
Tilsette1009
Erstatta avNoregs miljø- og biovitskaplege universitet

Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB), tidlegare Noregs Landbrukshøgskule, var eit norsk universitetÅs i Akershus. I 2014 vart UMB og Noregs veterinærhøgskole slegne saman til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. I si tid var UMB den sentrale forskings- og lærestaden for bioproduksjon, miljø og landskap i Noreg. Universitetet omfatta fleire forskningsinstitutt og -miljø innan landskapsstudiar, jord-, skog- og hagebruk, husdyrhald, naturforvaltning, utviklingstudiar, økonomi og teknologiske disiplinar.

UMB hadde i 2012 om lag 4 000 studentar. Universietet utdanna årleg mellom 700 og 1 000 kandidatar. Noregs Veterinærhøgskole kom i tillegg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kollerbautaen.

I 1859 vart «Den høiere Landbruksskole paa Aas» oppretta etter vedtak i Stortinget. Han var den andre høgare utdanningsinstitusjonen i Noreg etter Universitetet i Oslo. NLH fekk universitetsstatus 1. januar 2005 og blei til Universitetet for miljø- og biovitskap. I 2014 blei UMB slått saman med Noregs veterinærhøgskole til éin institusjon under namnet Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.[1]

Universitetsområde og bygningar[endre | endre wikiteksten]

UMB har, ved sidan av NTNU, den einaste klassiske campusen i Noreg, med monumentale steinbygningar omgitt av parkar og landlege grøntareal – etter klassisk engelsk modell. Bygningane er i til dels dårleg stand, og universitetet slit med eit vedlikehaldsetterslep på om lag 11,5 milliardar kroner.[2]

Arkitekt for planlegginga ved starten i 1856 var P.H. Holtermann, men bygningane vart totalt bygd om etter teikningar av arkitekt Ole Sverre i perioden 1897–1902.

Urbygninga[endre | endre wikiteksten]

Det er særleg Urbygninga, ferdigstilt i 1900, som er kjend for sitt vakre ytre. Inne i Urbygninga er Festsalen verdt eit besøk. Rommet er dekorert i nasjonalromantisk stil med utskårne dragemotiv og måleri av Dagfin Werenskiold. Cirkus, Tivoli, Økonomibyginga og Meierimuseet er òg bygd i same stil. Utskjeringane er truleg laga av Borgersen.

Tårnbygninga[endre | endre wikiteksten]

Tårnbygninga stod ferdig i 1924, også ho teikna av arkitekt Sverre, i ein mørk og stram stil. Tårnet på toppen vart opphavleg nytta av landmålingsstudentane, seinare vart det nytta til observasjonar av ulike gassar i atmosfæren. Tårnet vart bygt ettersom landmålingsstudentane ikkje ville vere ute i all slags vêr, slik dei måtte på plattforma på taket på Urbygninga.

Av andre bygningar er bindingsverkshuset Smia og Fjøset òg sjåverdige. Fjøset er Noregs største driftsbygning. Samfunnsbygninga er frå 1935 og verna grunna funkisstilen ho er bygt etter. Rundt desse bygningane er det eit større parkanlegg med statuar og skulpturar. Professor L. Moen forma parkanlegget slik det framstår i dag.

Parken til UMB[endre | endre wikiteksten]

Universitetsområdet har parkanlegg med fleire minnesmerke:

  • Falsenstøtta
  • Dahlstøtta
  • Kollerbautaen – Direktør 1880-1895.
  • Bergstrømbautaen
  • Sverdrupstøtta
  • Hirschstatuen
  • Bjørlykkebysten
  • Wriedtsteinen
  • Lindequistsøyla
  • Dyrehovud og friser over Urbygninga
  • Minnesmerke over falne NLH-studentar og -kandidatar under 2. verdskrig

Institutt[endre | endre wikiteksten]

UMB var organisert i institutt, og hadde desse i 2013:

  • Institutt for matematiske realfag og teknologi
  • Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap
  • Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitskap
  • Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudier – Noragric
  • Institutt for landskapsplanlegging (UMB)
  • Institutt for naturforvaltning
  • Institutt for plante- og miljøvitskap
  • Handelshøyskolen ved UMB

Studentliv[endre | endre wikiteksten]

UMB har eit aktivt studentmiljø. Utanom skoletida føregår studentaktivitetane ofte kring den verna Samfunnsbygninga, der Samfunnet i Ås og Studentsamskipnaden i Ås held til. Mange lag og organisasjonar er knytte til UMB og Samfunnet.

Ei rekke studentforeningar er knytte til UMB og Samfunnet. Studentane har få etablerte forum for møte med universitetet sine tilsette på fritida. Likeleis har miljøet rundt utdanningsinstitusjonen vorte kritisert for liten omgang med det øvrige lokalsamfunnet i Ås.

Av studentorganisasjonar finn ein korps, kor, eksklusive foreiningar, linjeforeiningar, storband og interesseorganisasjonar, studentmållag og politiske parti.

Studentavisa tuntreet kjem ut om lag tolv gongar i året.

Raud varietet av kvit nykkerose i ein dam i universitetsparken.

Studentsamfunnet i Ås[endre | endre wikiteksten]

Studentsamfunnet i Ås vart skipa i 1864 og vert drive på dugnad av studentar ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Aud Max (Auditorium Maximum) vart opna 19. august 1970 av Leif Olav Moen som vann arkitektskonkurransen i 1966.

Kvart andre år vert Uka i Ås arrangert. Ho vert avvikla i oktober i år med partal. Då vert Samfunnsbygninga fylt med studentforeningane sine barar og aktivitetar, og det vert halde konsertar, revy og andre arrangement. Også utanom Uka vert det jamleg arrangert konsertar og revyar på Samfunnet.

UMB-ringen[endre | endre wikiteksten]

UMB-ringen, tidlegare NLH-kandidatring, er ein ring for studentar som fullfører mastergrad (tidlegare hovudfag). Ringen vert ofte kalla «ditt vitnemål i gull» og syner at kandidaten er frå Ås, noko som kan vere nettverksbyggande i kontakt med andre som òg ber ringen.

Ringen er i gult og kvitt gull og har ei plate med ei stjerne med fem forgreiningar, som symboliserer dei fem opphavlege studieretningane.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]