Universitetet i Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Universitetet i Agder (UIA)
University of Agder 01.jpg
Grunnlagt2007
TypeOffentleg universitet
RektorSunniva Whittaker
StadKristiansand, Grimstad og Arendal
Studentar11879
Tilsette1100
Nettstadwww.uia.no
Hovudinngangen til UIA, Kristiansand

Universitetet i Agder (UiA) er eit norsk universitet i Agder fylke med rundt 13 000 studentar og 1 300 tilsette. Det vart stifta som Høgskolen i Agder den 1. august 1994, og fekk universitetsstatus den 1. september 2007, som det sjuande universitetet i Noreg. Universitetet består av seks fakultet og ei avdeling for lærarutdanning, og har campusar i Kristiansand og Grimstad. Tidlegare var det ei avdeling for helseutdanning i Arendal, men denne vart nedlagd i 2010. I 2017 vart Agder naturmuseum og botanisk hage del av Universitetet i Agder.

Universitetet tilbyr kring 160 fag- og profesjonsstudiar innan økonomi og leiing, teknologi- og ingeniørfag, humanistiske fag, matematikk, sjukepleie, pedagogikk, musikk, kunstfag og meir. Studiane kan utførast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar. Rektor ved universitetet er frå 2019 Sunniva Whittaker.

Universitetet er også medeigar i statsaksjeselskapet Norwegian Research Centre.

UiA hadde hausten 2019 nær 13 000 studentar, der tre femdelar av studentane var kvinner.

Fakultet[endre | endre wikiteksten]

Universitetet i Agder er delt inn i seks fakultet, i tillegg til ei eiga avdelinga for lærarutdanning:[1]

  • Fakultet for helse- og idrettsfag
  • Fakultet for humaniora og pedagogikk
  • Fakultet for kunstfag
  • Fakultet for teknologi og realfag
  • Fakultet for samfunnsvitenskap
  • Handelshøyskolen ved UiA
  • Avdeling for lærarutdanning

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fakulteter, institutter og sentre», Universitetet i Agder (på norsk), henta 12. juni 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]