Universitetet i Dar-es-Salaam
Universitetet i Dar-es-Salaam | |
| |
Grunnlagt | 1970 |
---|---|
Stad | Dar-es-Salaam |
Studentar | 20 000 |
Universitetet i Dar-es-Salaam (UDSM; engelsk University of Dar es Salaam, swahili Chuo Kikuu cha Dar es Salaam) er eit universitet i Dar-es-Salaam i Tanzania. Universitetet vart oppretta i 1970, då ein vedtok å dela Universetet i Aust-Afrika i tre: Universitetet i Dar-es-Salaam, Makerere universitet i Uganda og Universitetet i Nairobi i Kenya.
Campusar[endre | endre wikiteksten]
Universitetet har fem campusar rundt om i byen, og verkar akademisk via ti fakultet. Hovudcampusen vert kalla Mlimani, som er swahili for 'på fjellet', og ligg 13 km vest for Dar-es-Salaam sentrum. Han husar fakulteta for utdanning, humaniora og vitskap. Det er òg fire spesialiserte fakultet på denne campusen, nemleg fakulteta for informatikk og virtuell utdanning; juss; handel og administrasjon og marin vitskap og teknologi.
Nkrumah Hall, ein bygning på Mlimani-campusen, er avbilda på baksida av setlane for 500 shilling.
Kjente studentar[endre | endre wikiteksten]
- Jakaya Kikwete, president i Tanzania
- Yoweri Museveni, president i Uganda
- Laurent-Désiré Kabila, tidlegare president i Den demokratiske republikken Kongo
- John Garang, tidlegare visepresident i Sudan
- Asha-Rose Migiro, tidlegare visegeneralsekretær i SN, tidlegare utanriksminister i Tanzania
- Edward Lowassa, tidlegare statsminister i Tanzania
- Gertrude Mongelia, president i Det panafrikanske parlamentet
- Walter Rodney, guyansk historikar og politikar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Universitetet i Dar-es-Salaam» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |