University of Minnesota
University of Minnesota | |||
| |||
| |||
Motto | Commune vinculum omnibus artibus, A common bond for all the arts, Общая основа для всех искусств | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1851 | ||
Type | delstateigd | ||
Stad | Minneapolis, Saint Paul i Minnesota | ||
Studentar | 67 949 (mai 2018) | ||
Tilsette | 18 624 (september 2020) | ||
Medlemskap | ORCID, Digital Library Federation, arXiv, Center for Research Libraries | ||
Nettstad | https://twin-cities.umn.edu/ (engelsk) | ||
University of Minnesota 44°58′30″N 93°14′07″W / 44.975°N 93.235277777778°W |
University of Minnesota er eit offentleg (delstateigd) universitet i Minnesota i USA. Det har fire avdelingar, og vart grunnlagt i 1851 som den første lærestaden i delstaten. Morrill Act gav delfinansiering til lærestaden etter borgarkrigen. Det tilhøyrer den eksklusive gruppa av åtte offentlege kvalitetsuniversitet i USA – Public Ivy.
Lærestadane og dei viktigaste skulane er:
- University of Minnesota, Minneapolis (1851) – 50 402 studentar
- University of Minnesota Law School
- Medical School
- Carlson School of Management
- School of Public Health
- Hubert H. Humphrey Institute of Public Affairs
- Univ of Minnesota, Duluth (1947) – 11 090 studentar
- Univ of Minnesota, Morris (1959) – 1 740 studentar
- Univ of Minnesota, Croockston (1966) – 2 414 studentar
Campusen i Saint Paul har bakgrunn frå Duluth Mormal School (1895) og er fokusert på landbruksfag og farmasi. Minnesota-campusen har eit breitt studietilbod.
Morris-campusen har røter i ein katolsk skule for indianarar.
Med sine over 65 500 studentar (2006) er University of Minnesota det fjerde største universitetet i USA. Det har 3 100 tilsette, og i studieåret 2006-07 var skulepengane USD 9 200 for studentar folkeregistrert i Minnesota.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «University of Minnesota» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2013.