Universitetsbiblioteket i Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Universitetsbiblioteket i Agder (UBA) er ein del av Universitetet i Agder og er primært ein informasjonsressurs for studentar og forskarar ved dette universitetet. Universitetsbiblioteket i Agder yter også tenester til einskildpersonar, næringslivet, kulturlivet og andre utdanningsinstitusjonar. Samlinga er registrert i BIBSYS.

Biblioteket hadde tidligare fem avdelingar lokalisert i Arendal, Grimstad og Kristiansand. Men etter at den nye campus for universitetet vart opna i Grimstad 31. august 2010,[1] er det no berre to bibliotekavdelingar, ei i Grimstad og ei i Kristiansand.

29 personar er tilsett ved Universitetsbiblioteket i Agder. Jesper Christian Mørch er bibliotekdirektør.[2]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stor interesse for campus-opninga». Universitetet i Agder. 25. august 2010. 
  2. «Tilsette ved UBA». Arkivert frå originalen 18. mai 2015. Henta 11. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]