Universitetssenteret på Svalbard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygningen til Svalbard Forskningspark, Universitetsenteret på Svalbard og Svalbard museum ligg attmed Adventfjorden.
UNIS i april 2008.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein norsk forskings- og utdanningsinstitusjon i LongyearbyenSvalbard, organisert som eit aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet. Universitetssenteret ligg på 78° nord, og er den nordlegaste høgare utdanningsinstitusjonen i verda. Det statlege direktoraret Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) reknar offisielt ikkje Universitetssenteret på Svalbard AS som eit universitet.

Universitetssenteret vart skipa i 1993 som ei stifting, og hadde til føremål å gje utdanning om arktiske studie på universitetsnivå og bidra til forskingsplattforma Svalbard. Senteret underviser i faga arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Om lag 350 studentar i året tek eitt eller fleire kurs ved UNIS. Studentane kjem frå heile verda, om lag halvparten av dei er norske. Også av dei tilsette er halvparten norske og halvparten utanlandske. Engelsk er det offisielle språket på UNIS.

I styret ved UNIS er dei representantar frå dei fire tradisjonelle norske universiteta: Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, UiT Noregs arktiske universitet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Universitetssenteret på Svalbard