Hopp til innhald

University of Alaska Fairbanks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
University of Alaska Fairbanks

MottoAd summum
Grunnlagt1917
TypeOffentleg
StadFairbanks
Studentar6 813 (september 2020)
Tilsette2 202 (september 2020)
Nettstadhttps://www.uaf.edu/uaf/ (engelsk)

University of Alaska Fairbanks er eit offentleg forskingsuniversitet i Fairbanks i Alaska i USA. Det tener som flagship-campus for University of Alaska System, og vert forkorta Alaska eller UAF.

UAF er eit land-grant, sea-grant og space-grant-institusjon, og deltar òg i sun-grant-programmet gjennom Oregon State University. Det var her utkastet til Alaska-grunnlova vart skissert og signert i 1955 og 1956. UAF vart oppretta i 1917 som Alaska Agricultural College and School of Mines, og dei første undervisningstimane starta i 1922.

Sju store forskingsinstitutt held til ved UAF: Agricultural and Forestry Experiment Station, geofysisk institutt, International Arctic Research Center, Arctic Region Supercomputing Center, Institute of Arctic Biology, Institute of Marine Science og Institute of Northern Engineering. Det ligg om lag 350 km sør for polarsirkelen og har fokus på forsking i nordlege område og arktiske strøk.

Hausten 2010 hadde UAF 11 034 studentar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: University of Alaska Fairbanks