University of Delaware

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
University of Delaware
UD Fall Time 2010.jpg
University of Delaware wordmark.svg
Grunnlagt1743
Typeprivat
StadNewark i Delaware
Studentar19 742
Tilsette1 421
Nettstadwww.uDel.edu
UDel memorial.

University of Delaware er eit privat, delstatsfinansiert sea-grant, space-grant- og land-grant-universitet i Newark i delstaten Delaware i USA. Det er fire underliggaende campusar i delstaten. Det var oppretta i 1743 som New London Free School og registrert av koloniregjeringa i 1769, men akkreditert som høgare lærestad først i 1833 for å unngå konkurranse med University of Pennsylvania.

I dag vert det rekna blant dei kvalitetsmessige høgt rangerte Public Ivy-universiteta. Særleg kjemi- og business-studiane er særs høgt rangert. Den omkringliggande farmasiindustrien i Delaware har omfattande forskingssamarbeid med universitetet.

Universitetet har 76 studieprogram i meir enn 40 fag i utlandet, til saman i 35 land på alle kontinent. I tillegg er IT-nettverk og -tenester særs godt utbygd ved lærestaden.

College ved University of Delaware er:

  • College of Agriculture and Natural Resources
  • College of Arts and Sciences
  • Alfred Lerner College of Business and Economics
  • College of Engineering
  • College of Health Sciences
  • College of Human Services, Education and Public Policy
  • College of Marine and Earth Studies

Ved universitetet var det 19 742 studentar og 1421 vitskapelege tilsette i 2006, og same året var skulepengane US$ 7.740 for studentar folkeregisteret i Delaware. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]