University of Michigan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University of Michigan
MichiganCentralCampusDiag.jpg
Central Campus Dag på University of Michigan.
Grunnlagt 1817
Type delstatleg
Stad Ann Arbor i Flint i Dearborn
Studentar 55 118 (2006)
Tilsette 3 923 (2006)
Nettstad www.michigan.edu

University of Michigan (U of M eller UM) er eit offentlig (delstatseigd) universitet i Michigan i USA. UM er eit anerkjent forskingsuniversitet og er flaggskipet innanfor høgare utdanning i Michigan. Det høyrer til dei kvalitetsmessig særs høgt rangerte Public Ivy-universiteta.

Universitetet hadde i 2008 18. plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]

Studentfordelinga mellom de tre campusane ved UM er:

  • UM Ann Arbor – 40 025 studentar (2006)
  • UM Dearborn – 8 556 studentar (2006)
  • UM Flint – 6 527 studentar (2006)

Historie[endre | endre wikiteksten]

University of Michigan vart skipa i Detroit i 1817. I 1837 flytta universitetet til Ann Arbor, der det framleis har hovudbase. I tillegg til Ann Arbor har UM campusar i Flint og i Dearborn.

Kvinner fekk lov til å studere ved UM alt i 1870, og University of Michigan var det tredje universitetet i USA som tillet dette.

På første halvdel av 1900-talet ekspanderte University of Michigan sterkt, og satsa mykje på forsking. Under andre verdskrigen føregjekk det omfattande militærteknologisk forsking på UM, spesielt for Den amerikanske marinen.

På 1960- og 70-talet hadde universitetet mange politisk radikale studentar. Dette førte til mange protester mot politikken til regjeringa i Søraust-Asia.

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Det er 25 000 studentar på bachelornivå og 15 000 studentar på masternivå ved University of Michigan i Ann Arbor. Det finst 600 forskjellige studieprogrammer. 90% av studieprogramma er rangert som blant dei 20 beste i USA.

University of Michigan har rundt 5 000 vitskapleg tilsette. Som mange andre forskingsuniversitet brukast i stor grad masterstudentar til å undervise på låggradsnivå.

Skulepengane ved University of Michigan er høgast i USA blant offentlege universiteta. For studentar utanfrå Michigan kostar det omtrent $30 000 i året for undervisinga åleine. For studentar busett i Michigan er skulepengane omtrent US$ 6 000 – 10 000.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fra en kamp på Michigan Stadium

Idrettslaget til University of Michigan heiter U of M Wolverines. Det spelar i øvste divisjon i National Collegiate Athletic Association i alle sportsgreiner utanom ishockey.

Som ved dei fleste universiteta i USA er det amerikansk fotball som er den mest populære idretten. Wolverines vann den første Rose Bowl i 1902 og har til saman elleve nasjonale sigrar. Det siste nasjonale meisterskapen vart vunnen i 1997. Tre vinnarar av Heisman-troféet som årleg vert gjeve til den beste spelaren i amerikansk college fotball, har kome frå University of Michigan. Heimebanen til Wolverines i amerikansk fotball er Michigan Stadium, som med ein kapasitet på 107 500 er det største i verda i sitt slag. Hovudrivalane til Wolverines er Michigan State Spartans, Notre Dame Fighting Irish og Ohio State Buckeyes.

Bibliotekressursar[endre | endre wikiteksten]

Bibliotekene ved University of Michigan har 8 134 millionar titlar, som gjer det til det tolvte største biblioteket i USA (2006).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Times – THES QS Top Universities, 201-300.
  2. American Library Association, The World Almanac side 404.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: University of Michigan