University of Queensland
University of Queensland | |
![]() | |
Grunnlagt | 1909 |
---|---|
Stad | Brisbane |
Studentar | 48 771 |
University of Queensland (UQ) er eit universitet med hovudsete i Brisbane i Australia og er det eldste universitetet i delstaten Queensland. UQ er medlem av Australias «Group of Eight»-universitet og dessutan medlem av den internasjonale Universitas 21-organisasjonen.
Universitetet blei skipa 10. desember 1909. I 1930 kjøpte ein området St. Lucia ved Brisbaneelva og etablerte hovudsetet der. Det opphavlege universitetsområdet i sentrum av Brisbane er no eit universitetsområde for Queensland University of Technology. I tillegg til å ha tilhald i Brisbane, har UQ òg etablert seg andre stadar. Dette er UQ Ipswich og UQ Gatton.
[endre | endre wikiteksten]
Den 7. september 2020 inngjekk universitetet og CSL Limited ein samarbeidsavtale med dei australske styresmaktene om sin koronavirus-vaksinekandidat V451.[1][2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «CSL to manufacture and supply University of Queensland and Oxford University vaccine candidates for Australia». www.csl.com (på engelsk). 7. september 2020. Henta 7. september 2020.
- ↑ «Australia secures onshore manufacturing agreements for two COVID-19 vaccines | Prime Minister of Australia». www.pm.gov.au. 7. september 2020. Arkivert frå originalen 2020-09-07. Henta 7. september 2020.
- Denne artikkelen bygger på «University of Queensland» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2020.