Universo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Universo»
Song av Blas Cantó
Land Spania
Språk Spansk
Utgjeve 30. januar 2020
Sjanger Pop, synth-pop
Lengd 03:02
Selskap Warner Music Spain
Låtskrivar(ar) Blas Cantó, Dan Hammond, Ashley Hicklin, Dangelo Ortega og Mikolaj Trybulec

«Universo» (norsk omsetjing 'univers') er ein spansk song som vert framført av den spanske songaren Blas Cantó. Han er skriven av Cantó sjølv saman med Dan Hammond. Songen vart utgjeven 30. januar 2020 og skulle ha vore det spanske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam laurdag 16. mai.[1] Men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Universo» vart vald internt av den spanske kringkastaren RTVE til å representere Spania i Eurovision Song Contest 2020. Tittelen til songen vart kunngjord 23. januar 2020.[3] Han vart framført av Blas Cantó, ein popsongar som slo gjennom med gutegruppa Auryn.

Cantó sjølv seier songen «reflekterer ei verd som liknar mi, ved å lytte på han, kan publikum oppdage utviklinga mi. Eg synast det er ein berg-og-dalbane av kjensler».[3] Ifølgje Cantó har songen «ein ny og nokon risikabel stil» for han, men at songen samtidig fangar essensen av han.[3]

Musikkvideoen til «Universo» vart spela inn på Tenerife og Lanzarote.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]