Unn Merete Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unn Merete Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1971 (53 år)
Idrett friidrett

Unn Merete Lie (fødd 18. januar 1971) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Aremark i Østfold. Ho vann seks NM-gull og til saman 13 NM-medaljar i hovudmeisterskap i friidrett, fordelt på sleggekast og spjutkast. I tillegg tok ho NM-gull i lengde utan tilløp 1999 og 2000. Lie var medlem 1988-92 i Halden Idrettslag, 1993-94 i Aremark IF og 1995-2000 i Sportsklubben Vidar.

Perioden 1990-2000 sikra Lie seg i medalje i samtlege noregsmeisterskap, bortsett frå 1994. Ho vart norsk spjutmeister i 1990 og i 1997. Sleggjekast kom på NM-programmet i 1996, og Lie vann øvinga i fire år på rad frå 1997.

Lie sette personleg rekord i spjutkast med 51,94 meter i 1992. Etter ein ny type spjut kom i bruk kasta ho som lengst 47,96 meter i 1996. Sin personlege rekord i sleggjekast oppnådde Lie i 1999-sesongen. Ved eit stemne i Tampere 14. juli, forbetra ho sin eigen norske rekord med 1,18 m til 59,39 meter. Rekorden vart sletta i 2002 av Eva Danielsen.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Sleggjekast:
  • Gull: 1997, 1998, 1999, 2000
  • Sølv: 1996
  • Spjutkast:
  • Gull: 1990, 1997
  • Sølv: 1991
  • Bronse: 1992, 1993, 1995, 1996, 1999

Kjelder[endre | endre wikiteksten]