Unni Askeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unni Askeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1962 (62 år)
Bergen
Yrke kunstmålar, grafikar
Ektefelle Sverre Koren Bjertnæs (2006–2012)

Unni Askeland (fødd 7. juni 1962 i Bergen) er ein norsk biletkunstnar. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar og delteke på Høstutstillingen, Østlandsutstillingen og Norske Bilder. Askeland har også vist bilete i Göteborg, København, Amsterdam og New York. Kunsten hennar er innkjøpt av mellom andre Nasjonalmuseet, Norsk kulturråd, Rogaland Kunstmuseum og Nordnorsk Kunstmuseum.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Unni Askeland har utdanning frå Oslo Tegne- og Maleskole (1982–1983), Kunstskolen i Kabelvåg (1983–1984), Statens handverks- og kunstindustriskule i Oslo (1984–1985), Vestlandets kunstakademi i Bergen (1985–1986) og Statens Kunstakademi i Oslo (1987–1992). Unni Askeland har fleire gonger fått merksemd i norske massemedium. Mellom anna vart mange provoserte då ho i 2004 viste ein serie litografi og måleri som ho kalla Munchadopsjoner og som inneheldt omarbeidde versjonar av dei kjende motiva til Edvard Munch. Eit av bileta var «Vampyr» måla med hoggtenner. Utstillinga vart vist i mellom anna Blomqvist Kunsthandel i Oslo og i Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø.[1].

I samband med utstillinga «Desire-Destruction» i 2006, som viste måleri med kjende personar frå moderne populærkultur, forklarte Askeland at kunsten også må underhalde.[2]. Ho fekk også mykje omtale i februar 2008, då direktør på Nasjonalmuseet Allis Helleland kjøpte inn fire store måleri, 60 filmstillbilete og ein video av henne for 600 000 kroner mot tilrådinga frå innkjøpskomiteen på museet. Dei tre største måleria viste filmstjernene Humphrey Bogart og Ingrid Bergman og var laga i ein biletstil som mange opplevde som ein pastisj på dei populære plakatportretta til Andy Warhol i silketrykkteknikk.[3]

Unni Askeland var i fleire år sambuar med musikaren Eric Andersen, som ho har fire ungar med, og vart på 1980- og 90-talet ein del av kunstnarmiljøet omkring Bob Dylan og andre musikarkjendisar i New York. Ho var mellom anna med på performanceprosjekt med Lou Reed. Askeland bur og arbeider på Kløfta nordaust for Oslo. Ho var tidligere gift med målaren og Odd Nerdrum-eleven Sverre Bjertnæs.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Døme på Unni Askeland sine Munchadopsjoner frå 2004, arkivert frå originalen 20. februar 2008, henta 17. juli 2009 
  2. «Mener norsk kunst er gørr kjedelig» av Børre Haugstad på VG.no (30.12.2005)
  3. «Slakter Unni Askelands kunst» av Anne Mari Waagaard på RB.no (15.02.2008)
  4. «Unni Askeland skilles fra ektemannen», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 30. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]