Unni Hinkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unni Hinkel
Fødd 19. januar 1979 (44 år)
Yrke handballspelar

Unni Nyhamar Hinkel (fødd 19. januar 1979) er ein norsk tidlegare handballspelar som vann VM-sølv med Noregs landslag i 2001.

Rykkromspelar Hinkel deltok i 50 landskampar og skåra 60 mål for Noregs handballandslag i tida frå landslagsdebuten i mars 2001 til Handball-VM 2003. I desember 2001 skåra ho eitt mål då Noreg i VM-finalen tapte 25-30 mot Russland. Hinkel fekk ikkje plass i EM-troppa 2002, derimot var ho med i 2003-verdsmeisterskapen. Det norske laget enda på sjetteplass og landslagskarrierne var over for Hinkel.

Hinkel spelte på Nordstrand IF sitt lag i toppserien frå 1995 til la opp i 2007, etter fleire år med skadeplager. Ein skade gjorde også at ho ikkje fekk med seg finalekampane då Nordstrand gjekk på finaletap i cupvinnarcupen 2001, frå tribuneplass måtte ho sjå lagkameratane Else Marthe Sørlie, Monica Sandve og Anette Hovind Johansen tape stort mot ukrainske Motor Zaporosje. Derimot var Hinkel med då Nordstrand vart norsk sluttspelmeister i 2004.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]