Unni Wikan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Unni Wikan
Fødd18. november 1944
Harstad
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Harvard University
EktefelleFredrik Barth
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Unni Wikan (fødd 18. november 1944 i Harstad) er professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo.

Wikan har studert sosiologi ved Universitetet i Oslo (1965-66) og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen (1967-68). Ho har òg studert arabisk ved American University in Cairo (1968–69). Ho vart dr. philos ved Universitet i Oslo i 1980, og utnemnt til professor i 1987. Ho vart tildelt Fritt Ord-prisen i 2004.

Wikan har vore gjesteprofessor ved fleire utanlandske universitet:

Unni Wikan deltek ofte i offentleg debatt om framande kulturar, spesielt arabiske. Ho er spesialist på islam og Midtausten. Hun uttrykte støtte til den egyptiske presidenten Hosni Mubarak i samband med folkeopprøret i 2011, og meinte at han ville bli sitjande til valet hausten 2011.[1]

Sosialantropololgen Fredrik Barth var hennar mann.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fattigfolk i Cairo, Gyldendal 1976 og 1995; omsett til engelsk og japansk
  • Behind the Veil in Arabia: Women in Oman, Johns Hopkins University Press, 1980, pocketutg. University of Chicago Press, 1995
  • I morgen, hvis Gud vil: Kvinneliv i Cairos bakgater, Universitetsforlaget, 1983
  • Managing Turbulent Hearts: A Balinese Formula for Living, University of Chicago Press, 1990
  • Mot en ny norsk underklasse, Gyldendal, 1995
  • Tomorrow, God Willing: Self-Made Destinies in Cairo, University of Chicago Press, 1996
  • Generous Betrayal: Politics of Culture in the New Europe, University of Chicago Press, 2002, omsett til russisk
  • For ærens skyld: Fadime til ettertanke, Universitetsforlaget, 2003, omsett til svensk og dansk, under oversettelse til tyrkisk
  • Medmennesker: 35 år i Kairos bakgater, Pax, 2004

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten - Rapport frå innsiden (31.01.11)Adressa - Mubarak er tonedøv (10.02.2011)
  2. Henning Siverts. «Fredrik Barth». Norsk biografisk leksikon. Henta 29. november 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]