Unnsleppingsfart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Unnsleppingsfart er i fysikk minimumsfarta ein lekam utan framdriftsmekanismar må ha for å sleppe unna gravitasjonsfeltet til ei kjelde ved ein gjeven posisjon. Om unnsleppingsfarta ikkje er stor nok vil lekamen falle attende eller gå inn i bane rundt kjeldelekamen.

Russarane kalla unnsleppingsfarten «andre kosmiske snøggleik».

Å rekne ut unnsleppingsfarta frå ein einskild lekam[endre | endre wikiteksten]

I det enklaste tilfellet er unnsleppingsfart frå ein enkel lekam:

 \begin{matrix}\frac12\end{matrix} mv_e^2=\frac{GMm}{r}
v_e = \sqrt{\frac{2GM}{r}} = \sqrt{\frac{2\mu}{r}}

der v_e er unnsleppingsfarta, G er gravitasjonskonstanten, M er massen av lekamen reist frå, m er massen av det unnsleppande objektet (kan strykast mot seg sjølv), og r er avstanden mellom lekamssenteret og punktet unnsleppingspunktet blir rekna ut, og μ er den standard tyngdeparameteren.

Denne formelen tek ikkje omsyn til eventuell atmosfærisk (luft)motstand.

Retninga på utskytinga spelar ingen rolle for unnsleppingsfarta, så lenge det er fri bane og lekamen ikkje kolliderer med noko.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Unnsleppingsfarta på overflata av nokre kjende himmellekamar: