Uno av Little Big

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Uno» (spansk for 'ein'), stilisert som «UNO», er ein song frå 2020 av den russiske gruppa Little Big. Songen er skriven av Denis Tsukerman, Ilja Prusikin og Viktor Sibrinin, og har engelsk og spansk tekst. Songen vart gjeven ut 12. mars 2020 og skulle ha vore det russiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2][3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Songen og Little Big vart vald ut internt av den russiske kringkastaren Pervyj kanal til å representere landet.[4] Songen vart offentleggjord under det russiske talkshowet Vetsjernyj Urgant rundt 22.20 CET 12. mars 2020 – tre dagar etter tidsfristen for å levere inn bidrag til tevlinga.[5] Den offisielle musikkvideoen vart offentleggjord på YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest klokka 23.00 same kvelden, og i løpet av det påfølgjande døgnet passerte videoen 10 millionar visingar.[6]

I januar 2020 vart Russland trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 12. mai. På grunn av koronaviruspandemien avlyste EBU tevlinga for å hindre spreiing av infeksjonssjukdomen covid-19.[7] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2020) Høgaste

plassering

SUS (Tophit)[8] 4
Estland (Eesti Tipp-40)[9] 9
Litauen (AGATA)[10] 33
Skottland (Official Charts Company)[11] 97
Russland (Tophit Airplay) 2
Russland (Top Radio & YouTube Hits) 1
Russland (Top YouTube Hits) 1
Ukraina (Top Radio & YouTube Hits) 1
Ukraina (Top YouTube Hits) 1
Ungarn (Single Top 40) 21

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Digital nedlastning[12]
Nr.TittelLengd
1.«Uno»2:40

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 12. mars 2020 Digital nedlastning, strømming Little Big Family [12]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russia: Little Big Reveal "Uno" As Eurovision 2020 Entry» (på engelsk). 12. mars 2020. Henta 12. mars 2020. 
  2. «Russia's Little Big reveal Eurovision 2020 song "UNO"» (på engelsk). 12. mars 2020. Henta 12. mars 2020. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. «Russia sends punk-pop-rave band Little Big to Rotterdam». eurovision.tv. 2. mars 2020. Arkivert frå originalen 2. mars 2020. Henta 12. mars 2020. 
  5. «Russia's Little Big reveals 'Uno' song and music video». eurovision.tv. 12. mars 2020. Henta 14. mars 2020. 
  6. «Little Big - Uno - Russia 🇷🇺 - Official Music Video - Eurovision 2020». Eurovision Song Contest/YouTube. 12. mars 2020. Henta 14. mars 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  8. «Little Big — Uno». Henta 8. mars 2021. 
  9. «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Taukari „Kuule“ kihutab nüüd ülespoole». Henta 8. mars 2021. 
  10. «2020 12-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 8. mars 2021. 
  11. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 22. mai 2020. 
  12. 12,0 12,1 «‎‎UNO – Single by Little Big on Apple Music». Apple Music. Henta 13. mars 2020.