Uns ist ein Kind geboren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uns ist ein Kind Geboren
BWV 142
Kantate av Johann Kuhnau
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1720?
Førstesida av endekorale i Uns ist ein Kind geboren i ein manuskriptkopi laga av Christian Friedrich Penzel i 1756.

Uns ist ein Kind geboren, BWV 142, er ein kyrkjeleg julekantate tidlegare tilskriven Johann Sebastian Bach. Han nyttar tekst av Erdmann Neumeister som først kom ut i 1711.[1] Musikken vart komponert i Leipzig kring 1720, truleg av Johann Kuhnau for første juledag.

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege komponisten av kantaten er ikkje fullstendig etablert. Kantaten blei først gjeven ut av Bach-Gesellschaft på 1800-talet, men Bach-forskarar som Johannes Schreyer, Arnold Schering og Alfred Dürr aksepterte ikkje denne tilskrivinga.[2][3] Seint på 1900-talet blei han teken ut av Neue Bach Ausgabe, og erstatta av ein detaljert kommentar om autentisitet og tilskviring av Andreas Glöckner.[4] På grunn av usikkerheiten har kantaten blitt verande på lista Anhang II i Bach-katalogen BWV.[5] Det blir no rekna som sannsynleg at Johann Kuhnau, føregangaren til Bach som Thomaskantor i Leipzig. Dette blei opphavleg føreslått av Schering 1912.[6]

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to blokkfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo med tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.[7]

Stykket har åtte satsar:[8][9]

  1. Sinfonia, instrumentalkonsert for to alt-blokkfløyter, to oboar og strykarar.
  2. Kor: Uns ist ein Kind geboren, dobbel fuge med det første temaet sett til teksten av «Uns ist ein Kind geboren» og det andre til «Eins Sohn ist uns gegeben».
  3. Arie (bass): Dein Geburtstag ist erschienen
  4. Kor: Ich will den Namen Gottes loben. Denne korte korsatsen byrjar med ein fugatoseksjon der dei fire stemmene er akkompagnert av første- og andrefiolin. Etter fugedelane er musikken homofonisk.
  5. Arie (tenor): Jesu, dir sei Dank. I denne relativt korte da capo-arien er tenoren akkompagnert av to obligatoboar.
  6. Resitativ (alt): Immanuel
  7. Arie (alt): Jesu, dir sei Preis. Denne arien er ein transposisjon av den 5. satsen frå A-moll til D-moll med nye ord. Alten erstattar tenoren og dei to altblokkfløytene erstattar oboane.
  8. Kor: Alleluia. Over ein nesten ubroten straum av sekstendelsnotefigurar spelt i unison av altblokkfløyter, oboar og fiolinar syng koret den siste firstemmige koralen linje for linje.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Alsfelder Vokalensemble / I Febiarmionici, Wolfgang Helbich. The Apocryphal Bach Cantatas II. CPO, 2001.
  • Choir and Orchestra "Pro Arte" Munich, Kurt Redel. J.S. Bach: Magnificat in D Major & Cantata BWV 142. Philips, 1964.
  • Mannheim Bach Choir / Heidelberger Kammerorchester, Heinz Markus Göttsche. J.S. Bach: Cantatas BWV 62 & BWV 142. Da Camera, 1966.
  • Capella Brugensis / Collegium instrumentale Brugense, Patrick Peire. 'Uns ist ein Kind geboren', Eufoda, 1972

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Glöckner 2000.
  2. Sjå:
    • Dürr, Alfred (2006), «Appendix: doubtful and spurious cantatas», The cantatas of J. S. Bach, sett om av Richard Douglas P. Jones, Oxford University Press, s. 926, ISBN 0-19-929776-2 
    • Dürr, Alfred (1977), Studien über die frühen Kantaten Johann Sebastian Bachs (på tysk) (2nd utg.), Breitkopf & Härtel, s. 57–58, 209–211, ISBN 3765101303 
    • Schering, Arnold (1912), «Beiträge zur Bachkritik», Bach-Jahrbuch (på tysk) 9: 124–133 , page 133
  3. «Uns ist ein Kind geboren». Bach Digital (på tysk). Henta 22. januar 2017. 
  4. Glöckner, Andreas (2000), Johann Sebastian Bach, Varia: Kantaten, Quodlibet, Einzelsätze, Bearbeitungen. Critical commentary, Neue Ausgabe sämtlicher Werke (NBA) I/41, Bärenreiter, s. 117–118 
  5. Classical Net Uns ist ein Kind geboren (Unto us a child is born), Classical Net, 1998
  6. Erler, David (2015). «Johann Kuhnau» (PDF). Abendmusiken in der Predigerkirche. s. 8–9. Henta 23. januar 2017. 
  7. «Cantata BWV 142 Uns ist ein Kind Geoboren». Bach Cantatas Website. Henta 22. januar 2017. 
  8. Zedler, Günther (2009), Die erhaltenen Kantaten Johann Sebastian Bachs (Spätere Sakrale- und Weltliche Werke): Besprechungen in Form von Analysen - Erklärungen - Deutungen (på tysk), Perfect Paperback, s. 297–298, ISBN 383913773X 
  9. Whittaker, William Gillies (1959), The Cantatas of Johann Sebastian Bach: sacred and secular, Volume I, Oxford University Press, s. 160–161