Unsetåa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Unsetåa
elv
Land Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 627 km²
Sideelvar Neka, Speka

Unsetåa
61°59′33″ N 11°5′30″ E

Koordinatar: 61°59′33″N 11°05′30″E Unsetåa er ei elv i Hedmark fylke. Elva renn gjennom kommunane Rendalen, Tynset og Tolga.

Ved Elvål i Øvre Rendalen renn elva saman med elva Tysla og dannar elva Rena.

Nedbørfeltet rommar mange sjeldne plante- og fugleartar, og har varierte og verdfulle kulturminne, mellom anna med fangstgropsystem. Spekdalen har hatt både samisk, norsk og finsk busetjing.

Gjennom Spekehogget renn elva gjennom eit trongt og bratt gjel.

Elva er verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan IV for vassdrag til og med samløpet med Neka.

Namnet kan ha samanheng med norrønt unnr, 'bølgje'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • NOU 1991:12A Verneplan for vassdrag IV
  • Oluf Rygh: Norske elvenavne Kristiania 1904