Unzja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Unzja
elv
none  Unzja nær Kologriv
Unzja nær Kologriv
Land Flag of Russia.svg Russland
Munning Volga
Lengd 426 km km
Nedslagsfelt 27 800 km² km²
Vassføring
 - middel 158 m³/s /s
Wikimedia Commons: Unzha River

Unzja (russisk Унжа) er ei elv i Vologda og Kostroma oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 426 km lang og har eit nedslagsfelt på 27 800 km². 50 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 158 m³/s, men vassføringa varierer mykje gjennom året. I vårflaumen er maksimumet 2520 m³/s og om vinteren heilt nede i 7,82 m³/s.

Unzja startar der elvane Kema og Lundonga renn saman og munnar ut i Unzjenskij-bukta i Gorkij-reservoaret. Ho frys vanlegvis til i november og er isdekt til april-mai.

Dei største sideelvane hennar er Viga, Neja og Mezja.

Langs Unzja ligg byane Kologriv, Manturovo og Makarjev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]