Uorganisk syre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Uorganiske syrer (eller mineralsyrer) er uorganiske sambindingar med sure eigenskapar. Ved oppløysning i vatn dannar syrene fleire hydrogenion og kvar sin korresponderande base. Uorganiske syrer løyser seg som regel lett i vatn, og er uløyselege i organiske løysingsmiddel.

Eksempel på uorganiske syrer er borsyre, bromhydrogensyre, flussyre, fosforsyre, jodhydrogensyre, perklorsyre, salpetersyre, saltsyre og svovelsyre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]