Up Around the Bend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Up Around the Bend
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Cosmo's Factory
A-side «Run Through the Jungle»
Utgjeve April 1970
Sjanger Roots-rock
Lengd 2:41
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
«Travelin' Band»
(1970)
Up Around the Bend «Lookin' out My Back Door»
(1970)


«Up Around the Bend» er ein song spelt inn av det amerikanske bandet Creedence Clearwater Revival, og skriven av frontmannen John Fogerty. Songen vart skriven og spelt inn berre få dagar før den europeiske turneen deira i april 1970 og vart gjeven ut på albumet Cosmo's Factory.

Songen opnar med eit markant gitarriff spelt av John Fogerty. Teksten omhandlar ei samling «up around the bend» (rundt svingen) på ein hovudveg og inviterer lyttaren om å bli med.

Han vart gjeven ut som singel i lag med «Run Through the Jungle» og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 våren 1970. Han selde til gullplate for salstal over ein million. Han vart òg ein stor hit i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. I Noreg låg songen på VG-lista i 13 veker og nådde andreplassen som høgaste plassering.

Songen er blitt spelt inn av andre artistar som Elton John, tidleg i karrieren hans og det finske rockebandet Hanoi Rocks, som spelte han i 1984 på albumet Two Steps from the Move.

I media[endre | endre wikiteksten]

«Up Around the Bend» er blitt nytta i følgjande filmar: Eau froide, L' (1994), Michael (1996), Remember the Titans (2000), Invincible (2006), The Hoax (2007) og Red Dawn (2012). Han vart òg nytta i miniserien From the Earth to the Moon (1998) og i ein episode av My Name Is Earl (2008).

Songen er nytta i Kurt Cobain-dokumentaren Kurt Cobain About a Son og finst på filmmusikkalbumet til dokumentaren.

Songen er spelbar i videospela Guitar Hero World Tour og Rock Band-serien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]