UrO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UrO - Ungdommens ressursgruppe for Osterfjorden er ein ungdomsklubb som vart skipa 28.oktober 2011, men hadde ikkje første samlinga før 10.desember same året.[1] UrO er av og for ungdommar, og ønskjer å vera "ei trygg og god forsamling å gå til, der ein kan få møta og bli betre kjend med Jesus!"


Historie

Det heile starta med ein gjeng ungdommar som ville arrangera ei møtehelg, unna same møte som dei planlagde møtehelga vart UrO skipa. Det var Martin Eknes[2] som hadde tatt initiativ til å arrangera møtehelga og som også lufta tanken om ein ungdomsklubb på bedehuset. Ungdomsklubben heldt til på Fredtun bedehus, også kjent som Eknes bedehus, og er ein del av Nordhordland Indremisjon[3] og KRIO-fellesskapet.[4]

Bibelsmugling etterfulgd av mat

Ungdomsklubben har vore kreativ og hatt mange forskjellige arrangement. Blant anna har dei hatt: filmkveld, spelekveld, bilbelsmugling(rollespel), B-fest, Bad taste party, julafest, delekveld, PT kveld, kjærleikskveld...mm.

Gerd-Guro med ski på beina på isen

Gerd-Guro

Gerd-Guro er eit kjent fjes i UrO samanheng, til tross for at ho ikkje har eit ansikt. Gerd-Guro er nemlig ein sofa![5] Styret i UrO sat ein kveld og leika seg på finn.no og eit par dagar etterpå reiste dei av stad for å henta denne sofaen som dei døypte Gerd-Guro. Sidan den tid har ho blitt boren frå Vikaholmen og til bedehuset, ho har blitt gjort om til ein tilhengar, ho har hange i taket, hatt ski på beina og mykje meir.


Styret

Verv 2011-12 2012-13 2013-14
Leiar Martin Eknes Martin Eknes Ola Toft
Nestleiar Ole Einar Eide Ola Toft Ole Einar Eide
Sekretær Amalie Isene Karina Andersen Asbjørn Toft
HMT-ansvarlig Mari Giskegjerde
Fotografansvarlig Maria Myhr
Ymseansvarlig Silje Iren Solibakke
1. vara Martin Eknes
2. vara Malin Toft Heimvik
3. vara Birgit Jordal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

UrO sin logo