Ur i Mesopotamia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ur i Mesoptamia)
Ur
oldtidsby
Ruinane av Ur med zigguraten i Ur i bakgrunnen
Land  Irak
Guvernement Dhi Qar guvernement
Del av Ahwar of Southern Iraq
Stad Tell el-Muqayyar
 - koordinatar 30°57′45″N 46°06′11″E / 30.96250°N 46.10306°E / 30.96250; 46.10306
Grunnlagd kring 3800 evt.
 - Fråflytta etter 500 evt.
 - Æra Ubaid-perioden til jernalderen
 - Kultur sumerisk
Utgravingar 1853–1854, 1922–1934
Arkeologar John George Taylor, Charles Leonard Woolley
Kart
Ur i Mesopotamia
30°57′44″N 46°06′16″E / 30.962222°N 46.104444°E / 30.962222; 46.104444
Wikimedia Commons: Ur

Ur (sumerisk Urim, akkadisk Uru, arabisk أور) var ein viktig sumerisk bystat i oldtidsriket Mesopotamia, der den moderne Tell el-Muqayyar (arabisk تل المقير) ligg i dag i Dhi Qar guvernement sør i Irak.[1] Sjølv om Ur ein gong var ein kystby nær munningen av Eufrat i Persiabukta, har kystlinja flytta seg og byen ligg no godt i landet, ved sørbreidda av Eufrat, 16 km frå Nasiriyah i dagens Irak.

Byen er datert til Ubaid-perioden for kring 3 800 evt., og er registrert som bystat i historiske kjelder frå 2500-talet fvt. med Mesannepada som den første registrerte kongen. Skytsguddomen til byen var Nanna (på akkadisk Sin), den sumeriske og akkadiske måneguden, og namnet på byen skal kome frå namnet på denne guden, Urim, som var den klassiske, sumeriske stavinga og tyder «bustaden til Nanna».

I dag er staden markert av dei delvis restaurerte ruinane av zigguraten i Ur, som består av heilagdomen til Nanna, graven ut i 1930-åra. Tempelet vart bygt på 2000-talet fvt. under regjeringstida til Ur-Nammu og vart bygt opp att på 500-talet fvt. av Nabonidus, den assyrisk-fødde siste kongen av Babylon. Ruinane dekkjer eit område på 120 meter frå nordvest til søraust og 800 meter frå nordaust til sørvest, og stig kring 20 meter over dagens bakkenivå.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tell el-Muqayyar på arabisk. Tell betyr «ås» eller «haug» og Muqayyar betyr «bygt av asfalt». Muqayyar er også skrive Mugheir, Mughair, Moghair osb.
  2. Zettler, R.L. and Horne, L. (eds.) 1998. Treasures from the Royal Tombs of Ur, University of Pennsylvania Museum of Archaeology and Anthropology

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ur i Mesopotamia