Uran-thorium-datering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Terrassar med kalktuff-avleiringar ved Pammukale i Tyrkia

Uran-thorium-datering er ei form for radiometrisk datering basert på radioaktiv nedbryting av uranisotopar som i prosessen vert brotne ned til thorium (Th230).

Sidan startmaterialet er vassløyseleg, medan sluttproduktet ikkje er det, kan til dømes vassoppløyst U238 og U235 trenge ned i holer og bindast i kalktuff og stalagmittar, som på avsettingstidspunktet ikkje inneheld nedbrytingsprodukt av uran. Det radioaktive uret startar då å tikke, og ved å måle mengda nedbrytingsisotopar kan ein finne alderen på kalklaget.

Med denne metoden er det mogeleg å datere prøver med ein alder av i overkant av 500 000 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]