Uranienborgveien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uranienborgveien 13, der Krølle Kro låg i sin tid med inngang gjennom den venstre døra.

Uranienborgveien er ei gate i stroket Uranienborg i Oslo. Gata går nordvestover frå Parkveien i nærleiken av nordre hjørnet av Slottsparken og ender i kryss med Professor Dahls gate. Gata fekk namnet i 1864, og var opphavleg ein privat veg som gjekk i bratt bakke over det tversgåande høgdedraget som mellom anna Uranienborg kyrkje ligg på, og som i sin tid var ein furuskog som vart kalla Uranienborgskogen, men i dag er ein park utan furutre i samband med kyrkja. Sist på 1870-talet vart gata lagt i skjering gjennom høgdedraget, og går nå i ei jamnare stigning. Bergveggen i denne skjeringa, som ligg på strekninga mellom Josefines gate og Holtegata, er no freda som eit typisk døme på korleis fjellgrunnen under Oslo er samansett.

Bygningar av interesse[endre | endre wikiteksten]

Uranienborgveien 2 er ein murvilla i to etasjar som både har vore ambassade for Tyskland, seinare Russland og Sovjetunionen og mykje anna, og som no er kontor for Institusjonen Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. I nummer 9 c låg tidlegare, Lille Uranienborg, ein liten villa i tre som var barndomsheimen til polfararen Roald Amundsen, og som truleg var bakgrunnen for at Amundsen kalla sin eigen heim attmed Bunnefjorden for Uranienborg. Der Lille Uranienborg låg, granneeigedomane nummer 11 b og c, vart det i 1932 bygd bustadblokker kring ein sams tunliknande plass. I nr. 11 a, som er ein murbygning i fire etasjar, hadde Det Norske Studentersamfund sine kontor i 1950- og 1960-åra, og på hjørneeigedomen mot Oscars gate, og med adresse til denne gata, låg i si tid Hallings skole som vart rive og erstatta med ei kontorblokk. I nummer 13, som er eit hybelhus frå 1936, låg frå 1953 til 1994 kjellarrestauranten Krølle Kro, som tidvis var møteplass for eit intellektuelt og bohemaktig publikum.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Knut Are Tvedt, redaktør, «Uranienborgveien» i Oslo byleksikon. Oslo 2010: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1760-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Uranienborgveien