Uraustersjøfinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Uraustersjøfinsk (finsk: myöhäiskantasuomi) (fi. myöhäiskantasuomi, ty. urostseefinnisch, eng. Proto Finnic) er det rekonstruerte urspråket for dei austersjøfinske språka, eitt av dotterspråka til ururalsk. På bakgrunn av felles germanske lånord i alle dei austersjøfinske språka kan vi tidfeste oppsplittinga av uraustersjøfinsk til etter byrjinga av tidsrekninga vår.[1] Den første oppsplittinga ser ut til å ha vore ei todeling i sørestisk mot alle dei andre austersjøfinske språka, desse har seinare delt seg i hovudgreinene livisk, sentralaustersjøfinsk (votisk og nordestisk) og nordleg austersjøfinsk. Språkfamilien som heilskap har ei utbreiing frå dei sørlegaste delane av Finland via områda rundt dagens St. Petersburg og til Latvia.

Austgrensa til språkfamilien kom etter oppsplittinga av urspråket, med russisk ekspansjon nordover rundt 800-talet og seinare. Denne ekspansjonen assimilerte dei uralske språka aust for vepsisk, dvs. merja og muroma, språk som er kjend berre frå russiske 800-talskjelder og frå stadnamn på merja og muroma i det som i dag er russiskspråklege område.

Sjå Austersjøfinsk språkhistorie for ei framstilling av utviklinga frå uraustersjøfinsk til dei moderne austersjøfinske språka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Häkkinen, Jaakko 2010: Jatkuvuusperustelut ja saamelaisen kielen leviäminen (OSA 2). http://web.archive.org/web/20110720071223/http://www.mv.helsinki.fi/home/jphakkin/Jatkuvuus2.pdf