Urbain Le Verrier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urbain Le Verrier

Fødd11. mars 1811(1811-03-11)
Saint-Lô i Frankrike
Død23. september 1877 (66 år)
Paris i Frankrike
Nasjonalitetfransk
OmrådeMatematikk
Yrkeastronom, matematikar, politikar, meteorolog, skribent
InstitusjonarParisobservatoriet
Alma materLycée Louis-le-Grand
École polytechnique
Université de Caen Normandie
Kjend forOppdaginga av Neptun
EktefelleLucille Clotilde Choquet
MedlemSociété philomathique de Paris
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Royal Society
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Urbain Jean Joseph Le Verrier (11. mars 181123. september 1877) var ein fransk matematikar som spesialiserte seg på celestmekanikk og er mest kjend for å ha delteke i oppdaginga av Neptun.

Leverrier vart i 1854 direktør for observatoriet i Paris, og er særleg kjent for sine omfattande arbeid over teorien for planetrørsle. Leverrier oppdaga ei forskyving av Merkur-perihelet (40" per 100 år) som først har fått forklaringa si gjennom den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein. Ut frå visse uregelmessige variasjonar i rørsla til Uranus kom han samstundes med, og uavhengig av engelskmannen J. C. Adams, fram til at dei måtte kome av tiltrekkinga av ein ukjent planet utanfor Uranus. Det var på grunnlag av utrekningane til Leverrier av stillinga til planeten at J.G. Galle fann planeten (Berlin 1846). Han fekk namnet Neptun.

Etter ein storm som i 1854 gjekk over Europa til Svartehavet, der store flåtestyrkar ved Krimhalvøya vart øydelagd, fekk Leverrier i oppdrag å undersøkje om storm kunne varslast. Han organiserte då det meteorologiske observasjonsnettet i Frankrike. Det vart eit mønster for andre land, mellom anna i Noreg. Synoptiske vêrkart vart gjeve ut av Leverrier frå 1863, tre år før dei første norske.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]