Urban Dahllöf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Urban Dahllöf
Fødd 11. november 1928
Død

28. august 2014

Yrke pedagog, dosent

Urban Sigurd Dahllöf, (fødd 11. november 1928 i Gøteborg, død 28. august 2014 i Uppsala) var ein svensk pedagog.

Urban Dahllöf var son av forfattaren Sigurd Dahllöf og folkeskulelærar Karin Dahllöf, fødd Hansson. Han gift seg med filosofie licentiat Tordis Larsson i 1950.

Dahllöf blei filosofie licentiat ved Uppsala universitet 1956, filosofie doktor og docent i pedagogisk psykologi ved Stockholms universitet 1960. Han var professor i pedagogikk ved Göteborgs universitet 1972-1976 og ved Uppsala universitet 1976-1993. Han blei i 1987 medlem både av  Vitterhetsakademien[1] og av Vetenskapsakademien[2].

Urban Dahllöf var forskingsassistent ved Studieförbundet Näringsliv och Samhälle 1957-1960, extra universitetslektor i Göteborg 1960-1963, tillförordnat undervisningsråd 1962-1963, forskardocent ved Lärarhögskolan i Stockholm 1963-1966, universitetslektor i pedagogikk i Göteborg 1965-1972, extra laborator där 1966-1969. Han arbeidde som forskar ved Statens råd för samhällsforskning 1969-1972, var byråchef Universitetskanslerämbetet 1973-1975, visiting professor ved University of Melbourne 1984, forskingssjef ved universitetet i Trondheim 1991-1997, professor II ved Høgskulen i Volda 1994-1999 og prosjektleiar ved Mitthögskolan 1991-1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.vitterhetsakad.se/ledamot/Arbetande_ledamoter.html#anchorD
  2. http://www.kva.se/KVA_Root/swe/contact/contactdetail.asp?personID=59&br=ns&ver=6up