Urban kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
'Parisisk aveny' av Jean Béraud, måla på 1800-talet.
«Kimono, Urban life, Finland». Fotografi frå 2010 av Karin Beate Nøsterud.

Urban kultur eller bykultur viser til oppførsel, levemåtar og kultur knytt til livet i byar frå ulike delar av verda og historia.

Med ei snever tyding av ordet «kultur» kan omgrepet femna om ulike kulturuttrykk som på ulike vis har oppstått i, går føre seg i eller på anna vis er knytte til byen. Større hendingar, som marknader, festivalar, høgtider og større offisielle seremoniar, har vore knytt til byar sidan oldtid og mellomalder. Store slott og sakralbygg kan vera sentrale og ved nokre høve tena som utgangspunkt for ein by.[1] Særskilde byggje- og landskapsformer har også oppstått i byar, frå tettbygde som slumområde, bygardar og skyskraparar til opne byrom som avenyar, plassar og offentlege parkar. I moderne tid oppstod nye stader for handel og kultur i byar, som kaféar, kjøpesenter, teater, museum og salongar for kunst og konversasjon.[2] Byar har vore ein særskild inspirasjon for visse sjangrar som flaneri, flanørromanar, hardkokt krim,[3] film noir[4] og hip-hop.[5]

Sosiologiske teoriar om urban kultur[endre | endre wikiteksten]

Byforsking til eit stykke inn på 1900-talet såg gjerne for seg at det fanst ei autentisk form for urban kultur. I The City (1921) skilde Max Weber mellom «oksidentale» (vestleg) og «orientale» (austleg) urbanisme. Dei fem trekka som kjenneteikna eit bysamfunn, meinte han, var eit vern rundt byen, ein marknad, eit eige rettssystem, eit samband av organiserte byborgarar og nok sjølvstyre for borgarane til å velja leiarane sine. Tilsvarande la Henri Pirenne fram to hovudtrekk han meinte var grunnleggjande for byutvikling i mellomalderen i Medieval Cities (1925): Eit borgarskap som fekk rikdom og politisk makt gjennom handel, og ei organisering av bybuarar som frigjorde byen frå føydal eller religiøs kontroll. Begge definisjonane bygde på europeisk byutvikling og ekskluderte andre typar bysamfunn; i Weber sitt tilfelle passa berre byar i Nord-Europa og Italia i eit visst tidsrom inn i modellen.

Chicagoskulen i sosiologi var grunnleggjande for utviklinga av urban sosiologi, og bygde på forsking i amerikanske byar tidleg på 1900-talet. Ein representant som Robert Redfield meinte urban kultur nødvendigvis var upersonleg, heterogen og sekulær. I «The Folk Society» skilde han denne typen kultur frå mindre samfunn han kalla «folk community». Han hevda at urbanisering der folk flytta frå slike små samfunn til storsamfunn ville føra til kulturell oppbrot med aukande sosiale patologiar som alkoholisme, kriminalitet, einsemd og skilsmisse.

Gideon Sjoberg innførte eit vidare geografisk og historisk perspektiv for forståinga av urban kultur. I The Preindustrial City, Past and Present (1960) delte han verdas byar inn i før-industrielle og industrialiserte ut frå kva teknologi dei hadde. Til forskjell frå det oppstykka samfunnet skildra over, meinte han at nabolag i før-industrielle byar hadde sterke personlege band som bygde på familie, etnisitet og religiøst tilhøyre. Sjølv om forståinga av urban kultur med dette blei utvida, utgjorde ho ei grov generalisering der til dømes europeiske bystatar frå tidleg moderne tid ikkje passa inn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pedersen, Siri Jeanette. «By frå byrjinga». forskning.no (2.10 2010). Henta 19. juli 2015.
  2. Hallett, Mark. «Painting». An Oxford Companion to the Romantic Age. Oxford University Press, 1999. Oxford Reference. 2009. Henta 19. juli 2015. Porter, Roy. «Consumerism». An Oxford Companion to the Romantic Age. Oxford University Press, 1999. Oxford Reference. 2009. Henta 19. juli 2015.
  3. Madsen, Maj Bach. «Den hardkokte krimmen ble født i California». forskning.no (17.11 2010). Henta 19. juli 2015.
  4. Kuhn, Annette, and Guy Westwell. «film noir». A Dictionary of Film Studies. Oxford University Press, 2012. Oxford Reference. 2012. Henta 19. juli 2015.
  5. Kennedy, Michael, and Joyce Bourne Kennedy. «hip hop». The Oxford Dictionary of Music. Red. Rutherford-Johnson, Tim. Oxford University Press, 2012. Oxford Reference. 2013. Henta 19. juli 2015.