Urgermansk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Urgermansk er urspråket som blir rekna for å vera opphavet åt dei germanske språka, mellom anna islandsk, norsk, svensk, dansk, jiddisch, tysk, skotsk, engelsk, nederlandsk, afrikaans og frisisk.

Det urgermanske språket delte seg i tre språkgreiner, dei austgermanske, dei nordgermanske og dei vestgermanske språka. Dei austgermanske språka er utdøydd, det mest kjende av dei er gotisk.

Den nordgermanske greina, urnordisk, delte seg i vestnordisk (gammalnorsk og islandsk) og austnordisk (svensk og dansk). I seinmellomalderen førte lågtysk språkpåverknad i til at norsk utvikla seg parallelt med dansk og svensk. Den vestgermanske greina har ein austleg (tysk, nederlandsk) og ein vestleg (engelsk, frisisk) del.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.